Sals- og marknadssjef - Jatak
jatak logo
Jatak Kaupanger AS er ein leiande produsent av takstolar og andre komplekse trekonstruksjonar til bygg og anlegg. Bedrifta har dei siste åra hatt betydeleg vekst, og nådde i fjor ei omsetning på 111 MNOK. Parallelt med dette har bedrifta gjennomført betydelege investeringar i anlegg og ny teknologi, og tok i 2017 i bruk ein ny industrihall for elementproduksjon. Kombinert med ein kompetent og motivert stab riggar Jatak Kaupanger seg for vidare vekst i dei kommande åra. Jatak Kaupanger AS er ein av fem eigarar i Jatak - kjeda som er Noregs største leverandør av trekonstruksjonar. Kjeda forsterkar eigarane si konkurransekraft gjennom felles innkjøp, marknadsføring og produktløysingar.

Vi søker etter:
Sals- og marknadssjef

Stillinga vil rapportere til dagleg leiar og inngå som
ein viktig ressurs i bedrifta si leiargruppe. Sentrale
oppgåver vil vere:
• Leiing og lagbygging innan alle ledd av salskjeda.
• Kalkulasjon, tilbodsskriving og oppfølging av tilbod.
• Marknadsanalyse og utvikling av marknadsplanar.
• Administrere, strukturere og følgje opp salsavdelinga på bakgrunn av marknadsplanar og strategiar.
• Forhandlingar og inngåing av kontraktar.
• Identifisere nye samarbeidspartnarar og ha evne til å jobbe langsiktig med idealkundar.
• Utvikling av nye tenesteområde mot eksisterande og nye
kundar.
 
Kvalifikasjoner:
Vi ønskjer at vår nye sals- og marknadssjef har relevant utdanning innan sal og marknad, og kan vise til konkrete salsresultat.
Bransjeerfaring er ønskjeleg, men ikkje eit must. Vi legg vekt på gode leiareigenskapar og erfaring med å leie team. Du må ha gode formuleringsevner, både skriftleg og munnleg.

Av personlege eigenskapar vil leiarkompetanse, resultatfokus, gjennomføringsevne og relasjonsbyggande eigenskapar vere sentrale aspekt for å lykkast i stillinga.
Vi tilbyr:
Jatak Kaupanger kan tilby ei spennande og utviklande stilling, med ei sentral rolle for å realisere våre klare vekstambisjonar. Du vil vere ein del av eit innovativt miljø med sterkt kundefokus. Arbeidsstad vil vere vår fabrikk på Kaupanger.
Søknadsfrist: 01.07.2018
Kontakt oss for spørsmål om stillingen:
Anders Bjærke
Mobil: 480 55 429
Send e-post

Søk på stillingen

Fyll ut skjema nedenfor og legg ved CV og søknad.
Navn*
E-post*
Telefon*
Alder
Nåværende jobb*
Last opp dokument
Last opp dokument
Tips en venn!
Del denne siden med en kollega/venn. Fyll inn feltene nedenfor.